Ryfylkemuseet

Innrapportering for 2021

Logo

Beskrivelse av virksomheten:

Ryfylkemuseet har fleire små lokasjoner rundt om i Ryfylke. Desse lokasjonane, og kalla satelittar, fører underregnskap på miljøprestasjonar, men blir ein del av eit felles sertifikat til hovedbygget på Sand.

Virksomheten sertifiseres etter følgende kriterier:

Byggentreprenør, Felleskriterier, privat og statlig

Sertifikat

Type: 3-årig
Utstedt: 30 apr., 2021
Utløper: 30 apr., 2024

Systemindikatorer

Årlig omsetning

-5% fra 2020

Antall årsverk for rapporteringsåret

4% fra 2020

Kommentarer

Vi hadde mindre omsetjing i 2021 enn budsjettert, grunna koronarestriksjonar, og to større prosjekt som måtte utsettast.

Innkjøp

Antall miljømerkede produkter

Indikatoren blir fjernet fra og med rapporteringsåret 2021. Tidsserien slutter dermed med rapporteringsåret 2020.

Antall leverandører som har et sertifisert miljøledelsessystem som Miljøfyrtårn, ISO 14001, EMAS eller tilsvarende.

Indikatoren blir fjernet fra og med rapporteringsåret 2021. Tidsserien slutter dermed med rapporteringsåret 2020. Indikatoren erstattes av "Andel av innkjøpsvolum fra leverandører med sertifisert miljøledelsessystem".

Andelen av innkjøpte miljømerkede/miljøsertifiserte varer og tjenester

Grafen er beregnet utifra innrapporterte tall på a) innkjøpssum vesentlige varer og tjenester, og b) innkjøpssum vesentlige varer og tjenester som er miljømerkede eller tjenester fra leverandører som er miljøsertifiserte, ved formel: b/a.

Totale mengder årlig forbrukt papir

Kommentarer

Vi kjøper mest mogleg lokalt. Dette inkluderer både varer og tenester. Med mat og liknande forbruksvarer, legg vi vekt på lokal produksjon og/ eller økologisk/ fair trade. Ved tenester legg vi stor vekt på å bruke leverandørar frå regionen.

Energi

Energiforbruk

1% fra 2020

Forbruk av drivstoff rapportert under stasjonær forbrenning er omregnet til kWh med følgende omregningsfaktorer: - Bensin: 9,028 kWh/liter - Diesel: 10,08 kWh/liter - Biobrensel: 4,5 kWh/kg - Fyringsolje: 10,08 kWh/liter - Biofyringsolje: 9,0 kWh/liter - Naturgass (LNG): 13,3 kWh/kg - Biogass: 14 kWh/kg - Propan (LPG): 12,8 kWh/kg Kilde: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/for-myndigheter/kutte-utslipp-av-klimagasser/klima-og-energiplanlegging/tabeller-for-omregning-fra-energivarer-til-kwh/

Energiforbruk pr. kvadratmeter

1% fra 2020

Kommentarer

Grunna pandemien har det vore i liten grad nyttig å samanlikne forbruk med andre år. Vi har innhenta pris for solcelletak for hovudsete, og vurdert behov for utskifting av sikringsskap og belysing på skulemuseet på Jelsa.

Transport

Drivstofforbruk, totalt

Forbruk av drivstoff rapportert i kg er omregnet til liter med følgende omregningsfaktorer: - Biogass: 0,717 kg/liter - Propan: 0,54 kg/liter - Naturgass: 0,74 kg/liter

Drivstofforbruk per mil

Mengde elektrisitet (kWh) til el-kjøretøy er ikke inkludert i drivstofforbruket. Derimot er antall kjørte kilometer med el- kjøretøy medberegnet. Ved økt bruk av el-kjøretøy vil altså drivstofforbruket pr.mil reduseres i grafen.

Antall kjørte kilometer

Tjenestereiser

Vi inkluderer flyreiser, togreiser, bussreiser (langdistanse) og hurtigbåt. Taxi og kjøregodtgjørelse vises i egne grafer. Flyreiser rapportert i person-km eller CO2-utslipp inkluderes ikke i grafen.

Flyreiser

NB! F.o.m. 2021-rapporten regnes 1 flyreise som en reise 1 vei, og tidligere rapporterte reiser blir dermed ganget med 2. Flyreiser rapportert i person-km eller direkte i CO2-utslipp blir ikke med i denne grafen.

Klimagassutslipp fra flyreiser

-13% fra 2020

Kommentarer

Grunna pandemien har det vore mindre reising enn tidlegare, og mange møter har vore gjort digitalt.

Avfall og ombruk

Totalt avfall

Avfallsmengder per avfallskategori

Sorteringsgrad

-9% fra 2020

Matsvinn og øvrig matavfall

Matsvinn er den del av matavfallet som kunne vært spist, f.eks. matrester eller mat som har gått ut på dato. Diagrammet viser hvor mye matsvinn (mørkegrønt) dere har i forhold til øvrig matavfall (lysegrønt). Øvrig matavfall er mengde matavfall dere har rapportert fratrukket mengden av matsvinn.

Kommentarer

Ein del av desse tala er estimat, då me ikkje får oppgitt i kg kor mykje avfall som blir henta av renovasjonsselskapet. Me får oppgitt kor mange ganger dei har henta dunkane våre. Me har her tatt utgangspunkt i at kvar dunk var full kvar gang dei tømte dei, og brukt gjennomsnittlege volum- og vekttal frå Norsk Gjenvinning for å berekne kg.

Vannforbruk

Vannforbruk

-47% fra 2020

Kommentar

Vassforbruket er fordelt slik: Gåsavikja: 8 kubikkmeter, Nesasjøhuset: 74 kubikkmeter, Nybygget: 41 kubikkmeter, Industriarbeidarmuseet: 3 kubikkmeter. Dette er basert på fakturaer frå kommunen.

Klimaregnskap

Klimagassutslipp totalt

16% fra 2020

Kommentar til klimaregnskapet

Ei side vi har jobba mykje med i 2021, var formidling og haldningsskapande arbeid. Til dømes utstilling klimaklokt.no, som gir konkrete råd til eigarar som skal pusse opp, eller utstilling Vølt som handlar om gjenbruk og reparering. Dette er sider av arbeidet som vi ikkje kan måle effekten av, men som bidrar til å skape bevisstheit i samfunnet og gir inspirasjon om korleis besøkande kan redusere eiga fotavtrykk.

Gjennomførte tiltak

Innkjøp
Vi har i 2021 sett fokus på gjenbruk som alternativ til innkjøp. Blant anna har vi funne ein leverandør som byggar om bord til hev-og-senk, vi har brukt gamle montre til ei ny utstilling, og har innretta kaféen med gjenbrukte gamle møblar.
Vidare har vi også hatt større fokus på å handle mest mogleg lokalt.
Vi har begynt å ta med miljø som vurderingskriterium når vi har anbodsrunder. I butikken har vi sagt at vi framover i større grad enn før skal fokusere på lokale produsenter, og fase ut ein del varer som er kjøpt inn frå store leverandørar. Vi jobbar også med ei stor endring av butikk-konseptet, mot ein bygningsvernbutikk. Som begynning av dette, har vi tatt inn linoljemaling som produkt. Det er ein meir miljøvennleg alternativ og ein tradisjonell malingstype. For ny innreiing fokuserer vi på gjenbruk av møblar i staden for å kjøpe ny.
I 2021 har me også utarbeida forslag til innkjøpspris for trevirke. Mesteparten av trelasta me kjøper inn er frå lokale gardssager, og me er opptekne av rett kvalitet til formålet. I korte trekk tilbyr me ein god pris til skogeigarar for våre innkjøp, for å stimulere til god skjøtsel samt støtte opp om fortsatt lokal produksjon.
Avfall og ombruk
Me har i 2021 oppdatert kjeldesorteringsinstruksen.
Energi
Vi er i gang med ei betydeleg utviding av drifta gjennom etablering av bygningsvernsenter. Det vil krevje ein del utviding og ombygging av lokalitetar ved hovudsetet. Som ein del av dette ser vi på moglegheiter for etterisolering og solcelle-tak. Vi innhenta ein del prisar i 2021, og reknar med at planane vil bli meir konkretisert i 2022.
Transport
Det blei langt færre flyreiser grunna korona. Vi reknar med at dette vil auke igjen i 2022. Vi vurderer samkøyring og anna transport som alternativ i kvart tilfelle, men det lar seg ikkje alltid gjere.
I 2022 skal to bilar bli skifta ut. Her undersøkar vi moglegheit til å bytte ein av dei til elbil eller hybrid. Vi skal også bytte ein varebil til personbil, for å gi betre føresetnad for å sitte på. Som regional organisasjon, vil vi alltid måtte ha ein god del reising/ køyring i ein region med lite busstilbod. Vi prøvar å legge møte og sånt i Stavanger slik at folk kan bruke hurtigbåt i staden for bil.
Utslipp til luft og vann
Gjennom bygningsvernsenter tilbyr vi tenester som gjer det enklare for private huseigarar å restaurere gamle hus, vi fremmar bruk av tradisjonelle materiale som til dømes linoljemaling, og vi jobbar for større bruk av tradisjonelt handverk i restaurering av offentlege bygg. Dette reduserer fotavtrykket til bygningane.
Det er vanskeleg å talfeste effekten. Vi kan rapportere på talet gjennomførte tilstandsvurderingar, då dette gir eit peikepinn på kor mange kundar seriøst vurderer restaurering og bruk av tradisjonelle metodar og material. Bygningsvernsenteret er nytt, difor har vi ikkje tal frå tidlegare år.
Gjennomførte tilstandsvurderingar i 2021: 15
Annet
Eit svært viktig og tidskrevjande tiltak i 2021 var utarbeideing av ein plan for berekraft og miljø, som fokuserer på implementering av FNs berekraftsmål. Den planen har fått miljøarbeidet på eit strategisk nivå som gjer at vi tenker mykje meir heilskapleg rundt miljø. Planen er eit viktig grunnlag for utarbeiding av nye prosjekt, og for ny strategisk plan som vil bli utarbeidd i 2022/2023.

Eit anna stort tiltak var produksjon og opning av utstillinga VØLT i juni 2021. Utstillinga visar reparerte gjenstandar frå samlinga, stiller refleksjonsspørsmål om forbruk og dra linjane frå eiga forbruk til FNs berekraftsmål.

Museumsjenestene for Rogaland, bygningsantikvaren produserte i 2021 ei kombinert nett- og vandreutstilling (www.klimaklokt.no). Utstillinga er eit samarbeid av musea i Rogaland og gir informasjon og konkrete tips til huseigarar. Den handlar om korleis ein kan pusse opp hus på ein meir klimavennleg måte.

Handlingsplan

Miljøpolicy med konkrete mål for helse, miljø og sikkerhet
Vi har ein berekraftsplan som definerer museet sine prioriterte mål innan berekraft og miljø. Den visar korleis museet jobbar med implementering av FNs berekraftsmål og korleis vi vil bruke miljøfyrtårn.
Kvar søknad og kvar ny prosjektbeskriving skal omtale museet sine berekraftsmål.
HMS og miljø er fast punkt i månadlege personalmøte.
Berekraftsplanen er ein del av grunnlaget for ny strategisk plan som vil bli utarbeidd i 2022/2023. Her vil vi forankre miljøomsyn og berekraftsprinsippet i alle ledd i organisasjonen.


Innkjøp og materialbruk: Tiltak
Nytt butikkonsept vil bli utarbeida i løpet av året. Me vil fortsette å ha fokus på å handle lokalt, samt mest mogleg gjenbruk.
Energi: Tiltak
I løpet av 2022 ønsker me å fornye el-anlegget på det gamle skulehuset på Jelsa. I samband med dette vil me vurdere ulike typar straumstyring for å kunne fjernstyre lys og varme ved behov. Solcellepanel på nytt hovudsete/utvikling skal bli innarbeidd i budsjett og søknadar.
Transport: Tiltak
Me planlegg å byte ein eller to av bilane våre til hybrid eller el. I samband med dette kjem me til å få installert elbilladar for den nye bilen ved kontorbygget vårt.
Avfall: Tiltak
Det er vanskeleg å gi eit konkret tal på kor mykje avfall me skal ha kvart år. Dette vil variere ut frå kva prosjekt me har. I tillegg får me ikkje oppgitt konkrete tal frå renovasjonsselskapet vårt. Me har generelt eit høgt fokus på gjenbruk og dermed på å redusere mengda med avfall.
Utslipp til luft og vann: Mål
Gjennom bygningsvernsenter tilbyr vi tenester som gjer det enklare for private huseigarar å restaurere gamle hus, vi fremmar bruk av tradisjonelle materiale som til dømes linoljemaling, og vi jobbar for større bruk av tradisjonelt handverk i restaurering av offentlege bygg. Dette reduserer fotavtrykket til oppussing hos kundene.
Vi vil auke tal tilstandsvurderingar med 15% og tal seld linoljemaling med 10%.
Utslipp til luft og vann: Planlagte tiltak
Vi skal tilsette ny bygningsvernrådgjevar, som vil auke kapasiteten og tilbodet vårt til private.
Annet
Vi skal utarbeide skuleopplegg innan tema inkludering og mangfald, der vi blant anna tar opp tema som diskriminering, sosiale ulikheiter og ytringsfriheit. Berekraftig samfunn og bevisstheit for felles ansvar for kloden er blant kjerneprinisppar i opplegga.

Vi skal jobbe vidare med utstillingane Klimaklokt og Vølt, og lage formidlingsopplegg i same tematikken. Dessutan skal vi i 2022 utarbeide skuleopplegg om tradisjonshandverk og tilby kurs for huseigarar som vurderer restaurering.