Suldal Vekst AS

Årlig klima- og miljørapport for 2020

Logo

Beskrivelse av virksomheten:

Suldal Vekst As er eit innovasjons- og utviklingsselskap. Suldal Vekst skal bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar i Suldal og arbeida for auka lønnsemd og vekst i etablert næringsliv. Suldal Vekst er del av Siva sitt nasjonale næringshageprogram. På oppdrag frå Suldal kommune, er Suldal Vekst ansvarleg for å drifte Suldal Turistkontor. Turistkontoret er sertifisert som grønt turistkontor i henhald til NHO Reiseliv sine forskrifter. Selskapet arbeider etter internkontrollforskrifta og er Miljøfyrtårnsertifisert.

Virksomheten sertifiseres etter følgende kriterier:

Felles kriterier, Leietaker

Sertifikat

Type: 3-årig
Utstedt: 11 apr., 2022
Utløper: 11 apr., 2025

Systemindikatorer

Årlig omsetning

-4% fra 2019

Antall årsverk for rapporteringsåret

13% fra 2019

Kommentarer

Selskapet har i 2020 sysselsett 6 årsverk i snitt. Fordelt på 6 fast tilsettte og sommarvertar for drift av Suldal Turistkontor.

Innkjøp

Antall miljømerkede produkter

50% fra 2019

Indikatoren blir fjernet fra og med rapporteringsåret 2021. Tidsserien slutter dermed med rapporteringsåret 2020.

Antall leverandører som har et sertifisert miljøledelsessystem som Miljøfyrtårn, ISO 14001, EMAS eller tilsvarende.

60% fra 2019

Indikatoren blir fjernet fra og med rapporteringsåret 2021. Tidsserien slutter dermed med rapporteringsåret 2020. Indikatoren erstattes av "Andel av innkjøpsvolum fra leverandører med sertifisert miljøledelsessystem".

Totale mengder årlig forbrukt papir

Kommentarer

Dette er utfordrande å estimere og måle, og framleis ingen gode måleparameter på dette.

Energi

Energiforbruk

-28% fra 2019

Forbruk av drivstoff rapportert under stasjonær forbrenning er omregnet til kWh med følgende omregningsfaktorer: - Bensin: 9,028 kWh/liter - Diesel: 10,08 kWh/liter - Biobrensel: 4,5 kWh/kg - Fyringsolje: 10,08 kWh/liter - Biofyringsolje: 9,0 kWh/liter - Naturgass (LNG): 13,3 kWh/kg - Biogass: 14 kWh/kg - Propan (LPG): 12,8 kWh/kg Kilde: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/for-myndigheter/kutte-utslipp-av-klimagasser/klima-og-energiplanlegging/tabeller-for-omregning-fra-energivarer-til-kwh/

Energiforbruk pr. kvadratmeter

-28% fra 2019

Forbruk av drivstoff rapportert under stasjonær forbrenning er omregnet til kWh med følgende omregningsfaktorer: - Bensin: 9,028 kWh/liter - Diesel: 10,08 kWh/liter - Biobrensel: 4,5 kWh/kg - Fyringsolje: 10,08 kWh/liter - Biofyringsolje: 9,0 kWh/liter - Naturgass (LNG): 13,3 kWh/kg - Biogass: 14 kWh/kg - Propan (LPG): 12,8 kWh/kg Kilde: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/for-myndigheter/kutte-utslipp-av-klimagasser/klima-og-energiplanlegging/tabeller-for-omregning-fra-energivarer-til-kwh/

Kommentarer

Straumforbruket på turistkontoret sin lokasjon (Postvegen 18) var i 2020 på 16786kWh. Ein reduksjon frå 2019 på 7589 kWh. Årsak er i hovudsak mindre aktivitet grunna Covid 19, og mindre behov for oppvarming.
For kontorlokala i Sandsvegen 134, har ikkje selskapet eigen straummålar og det er utfordrande å hente ut eksakt kWh, og det har ikkje vore mogleg å får til meir nøyaktige måleparameter her. Ut frå faktura frå huseigar, fast sum på straum og nettleige er ein komme fram til at eit estimat for forbruk i kontorlokala til selskapet er rundt 3000 kWh. Det har vore noko bruk av heimekontor i løpet av 2020, men det har begrensa seg til i snitt 20 dagar per tilsett. I hovudsak mars/april 2020. Utover dette har smittetrykket i kommunen vore særs lågt, og det har ikkje vore behov for heimekontor. Det er difor ikkje gjort berekningar på straumforbruk i samband med bruk av heimekontor.
Det oppgitte arealet er 50 m2 for kontorlokala og 100 m2 for turistkontoret. Sistnemde er energikrevjande på heilt andre måtar enn kontorlokala til selskapet, og mesteparten av energikostnadene er relatert til turistkontoret.

Transport

Tjenestereiser

Vi inkluderer flyreiser, togreiser, bussreiser (langdistanse) og hurtigbåt. Taxi og kjøregodtgjørelse vises i egne grafer. Flyreiser rapportert i person-km eller CO2-utslipp inkluderes ikke i grafen.

Flyreiser

NB! F.o.m. 2021-rapporten regnes 1 flyreise som en reise 1 vei, og tidligere rapporterte reiser blir dermed ganget med 2. Flyreiser rapportert i person-km eller direkte i CO2-utslipp blir ikke med i denne grafen.

Klimagassutslipp fra flyreiser

-92% fra 2019

Avfall og ombruk

Totalt avfall

Avfallsmengder per avfallskategori

Matsvinn og øvrig matavfall

-64% fra 2019

Matsvinn er den del av matavfallet som kunne vært spist, f.eks. matrester eller mat som har gått ut på dato. Diagrammet viser hvor mye matsvinn (mørkegrønt) dere har i forhold til øvrig matavfall (lysegrønt). Øvrig matavfall er mengde matavfall dere har rapportert fratrukket mengden av matsvinn.

Sorteringsgrad

-29% fra 2019

Kommentarer

Kommentarar til kildesortert avfall:
Selskapet har betydeleg auke i papp/papir avfall i 2020. Dette skuldast i hovudsak Covid 19 og overskot av turistbrosjyrar som er levert til miljøstasjon for henting av Ivar Næring. Dei utanlandske gjesten uteblei i heile 2020, og nær sagt all brosjyremateriell på andre språk enn norsk, og som var bestilt inn for sesongen i forkant av Covid 19 blei kasta.

Til saman utgjer dette 700 kg papp/papir. 2020 har også medført vesentleg auke i forbruk av plast som i hovudsak er knytt til smitteverntiltak. 80 kg plast er levert til gjenvinning. Inkludert i dette måltallet er også 4 større reklamebanner i plastmateriale som er rydda vekk og kasta i 2020.

Det er tillegg gjort ein del makuleringsarbeid av t.d. gamle regnskap og dokument som no er digitalisert - totalt 26 kg.

For kontordrifta har det ikkje vore store endringar: For papir er det rekna gjennomsnitt vekt per kontor per månad, inkl vekst av 3 papiraviser og mengde papp.

Kommentarar til restavfall:
På grunn av Covid 19 inngjekk restavfall (søppel) i sommarsesong (juni-september) for turistkontoret i miljøregnskapet til Suldal Vekst. I praksis er dette restavfall i dunkar frå lokalt renovasjonsselskap som er tilgjengeleg for gjester i og rundt turistkontoret, som i 2020 var lokalisert ved turistattraksjonen Suldalslågen Laksestudio. Tidlegare har Suldal kommune hatt desse kostandene og ansvar for avfallshandtering, men blei altså pålagd Suldal Vekst i 2020. Dette medfører ein ekstraordinær auke i restavfall for selskapet på 440 kg. I tillegg har det i 2020 vore gjennomført rydding i tilknytning til turistkontoret, der m.a. reklameartiklar, gatebukkar, møblar, mm har blitt kasta. Dette ugjer også ekstraorinært restavfall på til saman 140 kg, og er levert til Ivar Næring for vidare sortering.

Selskapet har lite "ordinært" restavfall etter innføring av kjeldesortering å kontor, tekjøkken og møterom. For 2020 var restavfall knytt til kontorlokala 25 kg, noko ned frå 2019. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet grunna Covid 19.



Klimaregnskap

Klimagassutslipp totalt

-69% fra 2019

Kommentar til klimaregnskapet

Viser til kommentarar gitt under dei ulike rapporteringsområde. 2020 har vore eit ekstraordinært år på mange vis relatert til Covid 19. For Suldal Vekst sin del har dette mellom ann medført ekstraordinære kostnader og også betydeleg større mengde avfall. På den andre sida har det vore minimal reiseaktivitet og bruk av eksempelvis fly og bil som transportmiddel i 2020.

Utover dette har selskapet jobba iherdig og aktivt for å få lokale og regionale bedrifter til å miljøsertifisere seg. Gjennom arbeidet med næringslivet i kommunane Sauda, Suldal og Hjelmeland blir det stadig fleire miljøfyrtårnsertifiserte verksemder OG kommunar. Både Suldal og Hjelmeland kommunar er i gang med sertifisering og auka fokus på sitt miljø- og klimaarbeid. Suldal Vekst er prosjekteigar- og leiar av arbeidet med Berekraftig reisemål, og Suldal blei merka i 2020 i hht til Innovasjon Norge sin standard for dette. Dette er gledeleg, og arbeidet vårt gir relativt store ringvirkningar også med tanke på miljøsertifiseringar i området. Selskapet har også eit godt samarbeid med miljøfyrtårnkonsulenten, som er invitert aktivt med i vårt nettverk. Dette gir Miljøfyrtårn og også konsulenten stadig fleire sertifiserte bedrifter og kommunar i Ryfylke.

Me legg til rette for nettverkssamlingar og oppfølging av dei sertifiserte verksemdene, der erfaringsutveksling, felles utfordringar og moglegheiter kan bli diskutert. Kommune deltek også på desse arenaene. Vår rolle som lokal og regional næringsutviklingsaktør betyr dermed og også å halde fram arbeidet med å bevisstgjere lokalt og regionalt næringsliv, samarbeidspartnarar, kommunar og lokalsamfunn til å ta aktive og bevisste val for klima- og miljøarbeid.

Gjennomførte tiltak

Innkjøp og materialbruk
Innkjøpsrutinane blir følgde med tanke på at miljøfokus skal ha vekting på minimum 25 % i høve kostnad dersom kvalitet og leveringstid er innanfor rimelege grenser. Dette gjeld m.a. produksjon av brosjyrar til turistkontor, kjøp av tenester osv. Arbeidstøy og profileringsartiklar som er innkjøpt i 2020 (sjølv om veldig begrensa innkjøp grunna Covid 19) er innkjøpt gjennom lokale leverandørar med miljøfyrtårnsertifisering. Produkt har miljømerking.
Avfall
Rapporteringa viser auke i både restavfall og i kjeldesortert avfall samlikna med 2019, og mål som blei sett i handlingsplanen for 2020 er dermed ikkje nådd.
Det er verdt å kommentere at dersom ein ser bort frå ekstraordinær situasjon med Covid 19 med mellom anna stort overskot av turistbrosjyrar sesong 2020, er selskapet sine mål for avfall ved ordinær drift nådd og vel så det.
Viser til rapportering på tal/fordeling for avfall.
Huseigar har ikkje innført felles sorteringssystem for kontorbygget.
Energi
Rutinar for varmeregulering på både kontor og turistkontoret er innarbeida, og det er gjort eit vedtak om å flytte turistkontoret ut frå eit energikrevjande bygg frå og med 2021. Dette gjer at energiforbruket for Suldal Vekst v/turistkontoret vil bli redusert kommande år. Huseigar er utfordra på å framskaffe energiattest for Sandsvegen 134.
Transport
Selskapet har nesten utelukkande tatt i bruk digitale løysingar for gjennomføring av møter og kompetansetiltak. Det var allereie planlagt meir bruk av digitale løysingar for dette før Covid 19, og med koronasituasjonen har også Suldal Vekst hatt "positiv" utvikling på dette området. Reiser er kraftig redusert, og det har kun vore ei innanlands flyreise i 2020. Veldig redusert mobilitet.
Utslipp til luft og vann
-
Annet
Viser til kommentar om klimaregnskapet der det er redegjort for korleis Suldal Vekst jobbar for å motivere og påvirke andre verksemder og kommunar til miljøsertifiseringar.

Handlingsplan

Miljøpolicy med konkrete mål for helse, miljø og sikkerhet
Suldal Vekst skal ha eit godt og sikkert arbeidsmiljø for alle tilsette, og me skal arbeide etter krav og regelverk som gjeld for vår verksemd. For å unngå at arbeidet med internkontroll og HMS kun skal bli ein lovpålagt øvelse, er det viktig at alle i organisasjonen er involvert og engasjert. Dette gjeld også for styret i selskapet, og HMS er fast post i alle styremøter. I tillegg blir det ein gong per år gitt ei større orientering til styret rundt internmkontroll og HMS arbeid.

Det er eit mål å redusere forbruk forbruk og bli enno meir bevisst på dette. Vidare skal sjukefråveret haldast på eit minimumsnivå og det skal arbeidast for å sikre god trivsel og produktivitet på jobb. Alle skal trivast, og det skal vere attraktivt å arbeide i Suldal Vekst. Me skal ikkje ha skader og ulykker som kunne voer unngått og ingen tilsette skal tvile på tryggleiken rundt eigne arbeidsoppgåver - heller ikkje sommarvertane våre. Me skal ta vare på selskapet sine eigedeler og materiell. Suldal Vekst As skal ha eit bevisst forhold til ytre miljø og sjå til at selskapet med tilsette og samarbeidspartnarar ikkje belastar det ytre miljøet unødig. For å nå desse måla skal alle delta aktivt i forbetringsarbeidet. Vidare målsettingar for hele- miljø- og tryggleiksarbeidet blir sett i tråd med policy og overordna målsettingar. Måla baserer seg på kor me meiner me best kan vidareutvikling og styrke Suldal Vekst AS.

Mål for arbeidsmiljøet:
* Me skal ha 0 % arbeidsrelatert sjukefråver
* Me skal ha maksimalt 4 % sjukefråver
* Tilsette skal kjenne seg trygge på sine arbeidsoppgåver
* Tilsette skal kjenne at dei får fullført sine arbeidsoppgåver
* Tilsette skal kjenne at dei får tilstrekkeleg og konstruktiv tilbakemelding på den jobben som blir gjort.
* Etterleve dei etiske retningslinjene for selskapet

Mål for miljøarbeidet:
* Me skal der det er mogleg bruke teknologi til kompetanseheving, gjennomføring av møter, osv i staden for å reise
* Me skal i aukande grad digitalisere arbeidet vårt for å redusere bruk av skrivepapir, og redusere papiravfallet.
* Me skal så langt det lar seg gjere auke bruken av miljømerka produkt
* Me skal oppfordre samarbeidspartnarane våre, kundar og leverandørar til å gjennomføre miljøsertifisering. Leverandørane våre skal ved innkjøp bli spurt om kva miljøsertifisering dei jobbar etter.

Mål for internkontrollarbeidet:
* Oppdatere status for risiko og om nødvendig gjere tiltak for å redusere risiko.
* Gjennomføre årlege medarbeidarsamtalar.
* Gjennomføre årleg vernerunde
* Ha gode rutinar for personvernlovgiving (GDPR)
* Unngå skader på personar, miljø og økonomiske verdiar
* Unngå pålegg frå myndighetene

Gjennom digitalisering av HMS arbeidet i Suldal Vekst AS via Plus Office og ved å jobbe godt og aktivt med Miljøfyrårn, har me lagt godt til rette for oppfølging av desse måla.
Innkjøp: Mål, miljømerkede produkter eget bruk (frivillig)
6 produkter
Innkjøp: Mål, Miljøsertifiserte leverandører
5 leverandører
Innkjøp og materialbruk: Tiltak
Følgje innkjøpsrutinane til selskapet, der det m.a. står: Ved innkjøp skal miljøfokus har vekting på minimum 25 % i høve kostnad dersom kvalitet og leveringstid er innanfor rimelege grenser. Dette gjeld mellom anna arbeidstøy og profileringsartiklar som skal vere miljøvennleg produsert, fortrinnsvis kjøpt gjennom lokale leverandørar slik at ein held transportkostnader og miljøavtrykk på transport nede.
Det same gjeld for aukande bruk og innkjøp av digitale tenester, der m.a. eigarskap til ulike leverandørar også vil vere viktig med prioritering av lokalt/regionalt/norsk eigarskap.
Energi: Mål
100 kWh per kvadratmeter
Energi: Tiltak
Tiltak som er innført og vil bli vidareført:
* Rutinar for slokking av lys og varmeregulering å kontor og møteromsfasilitetar
* Utfordre huseigar på å framskaffe energitest
* Fokus på å betre måleparameter
* Sikre annan lokalsjon av Suldal Turistkontor (lokasjon som er mindre energikrevjande)
Transport: Tiltak
Følgje reisepolicy som er vedtatt for Suldal Vekst.
Halde fram bruken av digitale løysingar for gjennomføring av møter, kompetansetiltak og arrangement der dette er eit fullgodt alternativ til å møtast fysisk.
Redusere spesielt flybruk, sjølv når reise- og smittevernrestriksjonar endrar seg.
Avfall: Mål og restavfall
400 kg
Avfall: Mål og kildesortering
70 %
Avfall: Tiltak
Hovudmålsettinga er å auke prosentandelen avfall som blir kjeldesortert i fht til 2020.
Som i 2020, vil koronasituasjonen ha noko negativ effekt på restavfallsmengde som er relatert til drift av turistkontor og laksestudio, då Suldal Vekst har overtatt renovasjonsansvaret for vertskapsfunksjon knytt til turistkontor og laksestudio. Det er uforutsigbart kor mange gjester som vil besøkje - fleire gjester betyr meir søppel. Det er dermed utfordrande å setje mål på restavfal, då det framleis er usikker på kor mange gjester som vil besøkje Suldal turistkontor og også nytte avfallssystemet der. Uansett er ambisjonen å få til betre kjeldesortering i og rundt turistkontor/laksestudio sommar 2021 . Dette i dialog med lokalt renovasjonsselskap.

For kontorlokala skal det arbeidast vidare med å få implementert eit felles sorteringssystem.
Utslipp til luft og vann: Mål
-
Utslipp til luft og vann: Planlagte tiltak
-
Annet
Innføre rutiner og parameter som gjer deg mogleg å måle totalt papirforbruk i selskapet, inkludert utskrifter/kopiering, konvoluttar, brosjyrar, plakatar osv.