Advarsel! Du har en gammel nettleser!

Vi har laget dette nettstedet for nyere nettlesere. Oppgrader i dag og nettstedet vil straks fungere for deg.

Vest Telemark Museum

Årlig klima- og miljørapport for 2020

Logo

Beskrivelse av virksomheten:

Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av dei ulike musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Åmdals Verk Gruver, Grimdalstunet, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Norsk Skieventyr, Øyfjell Bygdemuseum, Dyre Vaa Samlingane, Skinnarlandsamlinga, Myllarheimen og Vinje Biletgalleri. Me har i dag 13 fast tilsette og sysselset vel 17 årsverk. Administrasjon og driftspersonale er alle samla på hovudbølet på museet i Eidsborg. Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen.

Virksomheten sertifiseres etter følgende kriterier:

Felles kriterier, Byggeier, Enkle serveringssteder, Bibliotek

Systemindikatorer

Antall årsverk for rapporteringsåret

Kommentarer til Systemindikatorer

Gjeldande utlån: Vårt bibliotek er kun til internt bruk.

Innkjøp

Antall leverandører som har et sertifisert miljøledelsessystem som Miljøfyrtårn, ISO 14001, EMAS eller tilsvarende.

Energi

Energiforbruk

Energiforbruk pr. kvadratmeter

Kommentarer til Energi

Gjeld museumsbygg ved Norsk Skieventyr og Vest-Telemark Museum Eidsborg.
Utanom sesong (1.mai - 15.sep) vert temperaturen senka i publikumsareala.

Klimaregnskap

CO2 totalt

Kommentarer til Klimaregnskap

Klimarekneskapet syner at vårt største avtrykk ligg i energibruken. Vår energieffektivitet er god men me kan ha auka fokus på kildesortering.

Transport og anleggsmaskiner

Drivstofforbruk, totalt

Drivstofforbruk per mil

Kommentarer til Transport og anleggsmaskiner

Totale km på våre reiserekningar.
Har berekna forbruk av diesel til 0,6 l pr mil.

Avfall og ombruk

Avfall

Kildesortert avfall

Sorteringsgrad

Kommentarer til Avfall og ombruk

Rapportert for alle 11 musea. Det er kun to av musea som har kjeldesortering. Det er verken praktisk eller økonomisk mogleg å sortere på dei små musea, men me har lagt til rette for papirsortering frå 2021.

Vannforbruk

Vannforbruk

Kommentarer til Vannforbruk

Vassforbruk gjeld Norsk Skieventyr. Vest-Telemark Museum Eidsborg har eigen vassforsyning.
Ved Norsk Skieventyr var aktiviteten mykje lågare enn normalt grunna Covid-19.

Gjennomførte tiltak

Innkjøp og materialbruk
Utarbeid innkjøpsrutine.
Prøvar å samle opp til større bestillingar så det ikkje vert mange små leveringar.
Innført obligatorisk utskrift på to sider og svart/kvitt.
Avfall
Utarbeid rutiner.
Sal av overskotsbøkar bibliotek.


Energi
Senking av temp ved stengte museum.
Transport
Utarbeid reisepolicy.
Oppfordring til samkjøring/god planlegging.
Mykje heimekontor har ført til mindre kjøring.
Utslipp til luft og vann
Hatt gjennomgang i høve tøming fettutskillar.
Annet
Me har to prosjekt som går på arbeid med kulturlandskap.
Ingen andre relevante tiltak.

Handlingsplan

Miljøpolicy med konkrete mål for helse, miljø og sikkerhet
Vår HMS – målsetting skal:
• Ivareta dei krav og pålegg som lovverk og styresmakter gjev oss.
• Skape trygge og sikre arbeidsplassar slik at me tar vare på helse, miljø og tryggleik for dei som arbeider i verksemda på beste måte.

VTM skal:
• Sørge for at arbeidstakarar hjå oss får både opplæring og instruksjon for det arbeidet dei vert sett til.
• Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø som fremmar god trivsel og godt humør. Dette er eit felles ansvar.
• Arbeide for eit reint og ryddig miljø, både i våre lokale og uteområde, samt å vere ein pådrivar for ei berekraftig utvikling.
• Dyrke positive haldningar og tiltak blant dei tilsette i høve miljø og berekraftig utvikling.
• Møte våre gjester med ein god miljøprofil i trygge omgjevnadar.
• Ta samfunnsansvar og arbeide for å betre vårt klimaavtrykk.
• Ta vare på si bygningsmasse og tilhøyrande ute anlegg på ein god og forsvarleg måte.
Innkjøp: Mål, Miljøsertifiserte leverandører
10 leverandører
Innkjøp og materialbruk: Tiltak
Ta i bruk ny innkjøpsrutine.
Kjøpe inn papirposar (resirk) for bruk til kundar og byrje ta betalt for dei.
Energi: Mål
123 kWh per kvadratmeter
Energi: Tiltak
Gjennomføre energimerking av bygg.
Skal gjere ei utgreiing i høve etablering av flisfyr som oppvarmingskjelde for VTME.
Har eit mål om å etablere ladestasjonar for gjester og tilsette ved VTME.
Etablere radonmåling.
Transport: Mål, drivstofforbruk pr. mil
0,6 liter pr.mil
Transport: Tiltak
Innføring av ny reiseinstruks med fokus på m.a. samkjøring.
Innkjøp sykkelstativ.
Arbeide for etablering av ladestasjon.
Vere opne for at at dei som har arbeidsoppgåver som høver kan ta heimekontor enkelte dagar.
Avfall: Mål, Restavfall
2000 kg
Avfall: Mål, Kildesortering
40 %
Avfall: Tiltak
Laga plan for kvar og kva som skal sorterast på dei ulike einingane.
Fjerne restavfallsdunkar på kontor. Etablere dunkar for fleire typer fraksjonar på fleire einingar.
Betre system i høve avhending EE-avfall og farleg avfall.
Stoppe automatisk utskrift på kassene våre.
Utslipp til luft og vann: Mål
Ingen må sett.
Utslipp til luft og vann: Planlagte tiltak
Auke fokus på samkjøring.
Oppfordre tilsette til å unngå tomgang.
Annet
Me vil via vår nettside og e-postar oppfordre andre til å tenke miljø.